
SELSKAP - BRYLLUP - JUBILEUM
HAR DE NOKO Å FEIRE ER NUTHEIM STADEN
ME HAR LANG TRADISJON FOR GOD OG ÆRLEG MAT
Mange av våre oppskrifter har gått i arv i fleire generasjoner. All mat er laga frå botn av, mykje av lokale råvarer. Me bakar brød, røyker fisk og brygger vår eigen pilsner.
Det finns mange gode grunnar til å feire.
Jubileum, gode bedriftsresultat, avslutning i laget, eller familiesamankomst, alt frå barnedåp til 90-årsslag. Uansett kan me stelle til fest som er tilpassa det som skal feirast.
HER PÅ NUTHEIMkan opptil 60 gjester sette seg ned samtidig og bli servert. Om du er ei lita gruppe som vil ha ei privat samling kan me dekke til 14 i peisestogo. For eksklusive samlingar brukar me stogene i Prestegarden, der me kan dekke til 22 personar.
Me har sengeplass til rundt 45, og kan ordne med fleire om det skulle knipe.
Bryllup
Nutheim passar perfekt til små og mellomstore bryllup. Her kan du få det meste, velkommst, vigsle, bryllaupmiddag, fest og overnatting - alt på samme stad. Me har kapell, majestetisk utsikt, koselege og historiske rom, brureloft, god heimelaga mat og heimelaga øl. Rett og slett det meste som skal til for ei vellukka feiring.