
TRIVELEG OVERNATTING
VÅRE PRODUKT PÅ ROMMA ER IFRÅ EIT NORSK MERKE SOM HEITER ELM
DEI ER BÅDE ORGANISKE OG VEGANSKE
NUTHEIM HAR TILSAMAN 20 ROM FORDELA PÅ 7 BYGNINGAR
Hovudbygningen er eit sjarmerande trehotell, og eit galleri for interiør, måleri og skulptur i seg sjølv. Det er her du nyter
måltida, slappar av, og let deg inspirere av kunsten og estetikken som omgjev deg på alle kantar. Her har me 8 hyggelege rom; 1 stort og 7 mindre dobbeltrom, alle med dusj og toalett. Romma er dekorerte med bilete gjort av kunstnarar som har besøkt staden. Over tunet ligg låven, der har me 3 dobbeltrom med eige bad.
Ruslar du ned bakken finn du ei samling gamle hus i eit tun. Her ligg Hjartdal gamle prestegard frå 1600-talet, som blei flytta hit til Nutheim i 1963 av Erlend Grøstad. Prestegarden er ein praktfull bygning med 3 historiske soverom med eige dusj på kvart rom, men med felles toalett på gangen.
På «Prestegardstunet» ligg det fleire hus som ein kan overnatte i. Her finn du eit stabbur, eit stabbursloft og Erlend Grøstad sitt gamle atelier. Alle romma har sine særpreg.
ROMOVERSIKT
Gjestgiveriet: 8 dobbeltrom med bad/toalett
Låven: 3 dobbeltrom m bad/toalett (kan ikkje tingast på nett)
Prestegarden: 3 historiske rom med dusj/vask, delt toalett på gang
Buret: 2 separate senger eige bad/toalett
Loftet: 1 dobbeltseng eige bad /toalett
Erlend Grøstads Atlier: 1 dobbeltseng eige bad/toalett
Undervisningsatelieret: 3 rom med delt bad ( kan tingast på nett)