
DET GODE MØTE
-EIT HOTELL FOR DYKK SJØLVE
NUTHEIM ER DEN PERFEKTE STADEN FOR LEDERSAMLINGAR OG MINDRE MØTE
Her kan ein løfte blikket i direkte og overført tyding, og romma byr på ro og konsentrasjon til det faglege innhaldet. I tillegg får de oppleva ei stad med mykje norsk kultur- og kunsthistorie i veggane.
Nutheim er inspirerande og gjev dykk resulterande samlingar.
Mæterommet i låven
KAPASITET
Enkelt/dobbeltrom: 20
Sengeplass: 40 pers
Låven: 20
Undervisingsatelieret: 12 pers
Nutheim er eit lite hotell, så me tek helst ei gruppe av gongen.
Frå oktober til mai er det kun ope for bestillte grupper.
Me har 2 møterom av ulik storleik, eit utval teknisk utstyr for møteverksemd, og trådlaust nettverk på heile bruket. Treng de grupperom så nyttar me nokre av dei trivelege opphaldsromma våre.
MAT
Me lagar all mat frå botn av, slik me har gjort sidan Nutheim var skysstasjon. Mange av oppskriftene har gått i arv i fire generasjonar. Me bakar alt sjølve, og bryggar vårt eige øl.
Det faglege innhaldet i kursa står bedriftene sjølve for, men me her på Nutheim syter for rammene - i form av trivsel, atmosfære, god mat og drikke. I fellesskap set me difor saman menyar som er tilpassa budsjett og anledning. Ein fordel med å vera små, er at me har rom for å oppfylle alt frå dei enkle til dei heilt spesielle ynskje.
OPPLEVINGAR OG AKTIVITETAR
Kulturelle innslag og aktivitetar gjer opphaldet rikare.
Me fortel alltid i løpet av opphaldet om Nutheim og stadens rolle i norsk kunst og kulturhistorie.
Er de fyrst her på Nutheim, er mykje mogeleg.
Me har eigen liten spaavdeling med sauna og utandørs boblebad, me har flott natur med fleire fine stiar frå hotellet, me held ofte minikunstkurs for deltagerar, eller besøker bonden vår ein 20 minuttars gange frå Nutheim. Ellers har me både felespelerar og ølbryggerar i nærleiken som gjerne tek seg ein tur.