Nutheim har til saman 17 rom fordelt på
6 byGningar. Her kan du overnatte på sjølve gjestgiveriet, i Hjartdal gamle prestegard, på stabburet eller i kunstnarens eige atelier.

nutmeim 13.juni 149.JPG




Hovudbygningen er eit sjarmerande trehotell, og eit galleri for interiør, måleri og skulptur i seg sjølv. Det er her du nyter
måltida, slappar av, og let deg inspirere av kunsten og estetikken som omgjev deg på alle kantar. Her har me 8 hyggelege rom; 1 stort og 7 mindre dobbeltrom, alle med dusj og toalett. Romma er dekorerte med bilete gjort av kunstnarar som har besøkt staden. På tunet litt og låven. Der har me 3 dobbeltrom med eige bad.
Ruslar du ned bakken finn du ei samling gamle hus i eit tun. Her ligg Hjartdal gamle prestegard frå 1600-talet, som blei flytta hit til Nutheim i 1963 av Erlend Grøstad. Prestegarden er ein praktfull bygning med 3 historiske soverom med eige dusj på kvart rom, men med felles toalett på gangen.
På «Prestegardstunet» ligg det fleire hus som ein kan overnatte i. Her finn du eit stabbur, eit stabbursloft og Erlend Grøstad sitt gamle atelier. Alle romma har sine særpreg.

ROMOVERSIKT
Gjestgiveriet: 8 dobbeltrom med bad/toalett
Låven: 3 dobbeltrom m bad/toalett
Prestegarden: 3 historiske rom med dusj/vask, delt toalett på gang
Buret: 2 separate senger eige bad/toalett
Loftet: 1 dobbeltseng eige bad /toalett
Erlend Grøstads Atlier: 1 dobbeltseng eige bad/toalett