Velkommen til Nutheim

Nutheim er eit lite familiedrive trehotell. No er det eg, Solveig, som driv staden saman med mor mi, Ellen. Hotellet har vore i familien i meir enn 100 år, og har gått i av frå mor til dotter 4 gonger. Her er det altså damene som styrer.

Verken mamma eller eg har formell utdanning i hotelldrift. Eg er lærar, og mamma er bilethoggar - men me er utruleg glade i Nutheim i å lage god mat, og i å ta imot gjester. Me er takksame for å kunne føre familiehotellet vidare, og legg mykje stoltheit i å vera eit vertskap som er til stades for gjestene våre.

Her er det ingen som jobbar berre i resepsjonen eller på kontoret, så ikkje bli uroleg om me ikkje svarar på førespurnaden din med ein gong. Treng du raskt svar, er det sikraste å ta opp luren og ringe oss.

Du er hjarteleg velkommen til oss.

Beste helsing Solveig og Ellen