Historisk måltid

HISTORISK MÅLTID
Bli med på ei reise i tid gjennom eit historisk festmåltid med sagn og forteljing, i den gamle prestegarden på Nutheim. Inspirert av gamle reiseskildringar, naturen og råvarene kring oss har vi komponert ein 5-rettars meny med fakta og fantasi, og drikke som høver. Me dekker opp med vårt finaste servise og pyntar prestegarden til gjestebod. Vårt bunadskledde vertskap tek imot dykk og byr på sagn, skildringar og eventyr i stoger fulle av historie, kunst og handverk frå området. Skulle de ha lyst til å høyre folkemusikk frå området er det mogleg å bestille.

Opplevinga passar grupper frå 4 til 20 personar. (minstepris 15000 utan drikke)
Me tek imot kurs og konferansar, leiarsamlingar, feiringar og
venegjengar – kort sagt alle grupper som har sans for god mat,
historie og eventyr!

HISTORISK MÅLTID
Pris per person for festmåltid inkludert overnatting
i dobbeltrom med frukost 2 050,-
Pris for enkeltrom med frukost 2 460,-
Drikkepakke 600,- (Øl, vin og dram – 6 einingar)
Alkoholfri drikkepakke 230,
Minstepris for bestilling er 15000 uten drikke.

Telemark var lenge ein kvit flekk på kartet. Ut på 1800 talet kom vegutbyggingar som gjorde fleire av dalstrøka tilgjenglege for reisende.
Reiseskildringar begynte så vidt å komme på slutten av 1700 tallet og med ny grunnlov i 1814 og nasjonsbygging så begynnte folkeminnesamlerar å skrive ned muntlege tradisjonar, som soger, segner,  folkeviser, eventyr osv.. Det var i denne perioden presten Landstad begynnar å samle folkeminnestoff frå Telemark. Prestefamiliane var viktige informantar for smalerar fordi dei kunne lese og skrive og hadde tett kontakt med lokalbefolkininge. Bernad Durker som var riksadvokat skreiv ei reiseskildring frå Telemark i 1852 der han blant anna var på besøk i Hartdal gamle prestegard frå 1648. Han var på prestegarden dagen før biskopen skulle komme og forbredelsane av i full gang, mens du kan få vera med på sjølve måltidet.

 

P1020497.JPG